A Akp inn i Bagid
MEIR Å INVESTERE: Åkp har fått to nye millionar kroner gjennom presåkornordninga. Håvar Risnes i Åkp seier pengane sannsynlegvis blir investert i to selskap.
Nytt

Åkp inn i Bagid

Åkp går inn i Bagid med 300.000 kroner. Får to nye millionar kroner å investere.

09.11.2018
Åkp er ein av investorane som er med i kapitalutvidinga bagasjemerkelapp-selskapet Bagid har gjennomført i haust.

Håvar Risnes, som er leiar for Åkp si verksemd retta mot gründerar og vekstselskap, seier Åkp gjekk inn med 300.000 i kapitalutvidinga i selskapet i haust.
Kor stor eigarandel det utgjer vil han ikkje kommentere.

Investerte også i fjor

Då Bagid hadde si førre kapitalutviding, i fjor, gjekk Åkp inn med ein million kroner gjennom presåkornordninga som Åkp er ein av forvaltarane av. Den investeringa blei gjort gjennom selskapet NTNU Accel, som står oppført som eigar av 10,64 prosent av Bagid - før haustens kapitalutviding er registrert.
Bagid har førebels ikkje gått ut med kven som var med på kapitalutvidinga tidlegare i haust, kor mykje pengar som kom inn eller kva kapitalutvidinga verdsette selskapet til.
Det lokale investorselskapet Pir Invest har tidlegare sagt at det vurderer å investere i Bagid, men dagleg leiar Anja Solevågseide vil ikkje kommenter om selskapet bestemte seg for å investere.

Nye pengar

NETT NO skreiv tidlegare i haust at Åkp har bidratt med rundt ni millionar kroner i ny kapital til 10 selskap gjennom presåkornfond-ordninga, eller som direkte investeringar.

Det er Innovasjon Norge som forvaltar presåkornmidla, og no har Åkp nettopp får vite at Åkp får to ny millilonar kroner å investere.

I følgje Risnes blir pengane truleg delt på investeringar i to selskap. Førre tildeling av presåkornmidlar var også på to millionar kroner og då brukte Åkp cirka åtte månadar på å velje ut kva selskap det skulle investerast i.

Publisert: 09.11.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27