AA ta imot prisar er kanskje det vi er minst flinke paa
PRIS: Frå venstre Ole Lillerovde, Dagrun Wiik Gjerde, Stig Brautaset, Svein Rune Gjerde, Sigrun Heltne Vartdal og Richard Gjerde.
Nytt

- Å ta imot prisar er kanskje det vi er minst flinke på

SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin næringslivspris for 2018 går til Herøy-bedrifta Marin Teknikk.

26.07.2018
Prisen er på 25.000 kroner, i tillegg til ein ny statuett laga av kunstnaren Ingeborg Rørvik Lejon.
Adm. dir. Svein Rune Gjerde var glad for prisen.
- Vi har drive på med design av båtar i 37 år, men berre mottatt ein pris før, og det var Ship of The Year-prisen i 2011.
- Vi set stor pris på å verte sett og få pris. Men når det er sagt, er det å ta imot prisar kanskje noko av det vi er minst flinke på, sa Gjerde.

Endra fokus

Sigrun Heltne Vartdal, banksjef for bedriftsmarknaden seier at bankleiinga og styret har vorte imponert over den omstillings- og nyskapinsgsevne Marin Teknikk har vist.
Medan offshorenedturen slo inn med full tyngde, endra Marin Teknikk fokus og satsa i staden på yachtar, diamantleiteskip, autonome skip og fiskebåtar.
- Marin Teknikk er ei høgteknologibedrift og ein særs viktig arbeidsplass.
- Vi synst at vi vi i år har ein særleg verdig vinnar, sa ho.

120 design

Svein Rune Gjerde sa at noko av nøkkelen til at ein har klart seg gjennom opp- og nedturar var at selskapet var privat eigd, og der eigarane og dei tilsette stod på dag og natt om det var behov for det.
- Vi finn alltid løysingar, og sidan starten har vi levert 120 ulike design.
Han sa at heile familien hadde vakse opp med båtar og båtdiskusjonar dagane lange.
- Ja, av og til bad mor innstendig om at vi snakka om noko anna enn båtar, men det gjekk normalt ikkje lang tid før vi var tilbake på sporet, la salssjef Richard Gjerde til.
Marin Teknikk har no vel 60 tilsette ved hovudkontoret i Dragsund, pluss tilsette ved avdelingskontoret i polske Szczecin.

Publisert: 26.07.2018 11:50

Sist oppdatert: 06.07.2023 15:45