AA byggje eit skip tek den tida det trengst
SATSAR: Nytt godt år for Skipsteknisk, som satsar vidare med ingeniørkontor i Istanbul. Frå venstre adm . dir. Hans Ove Holmøy, salssjef fiskebåt Inge Bertil Straume og salssjef offshore Bjørn-Oscar Kløvning. 
Nytt

- Å byggje eit skip tek den tida det trengst

Skipsteknisk leverer svært gode tal for 2014 og satsar vidare med ingeniørkontor i Istanbul, trass forventa lavare aktivitet i Tyrkia.

09.03.2015
- Ja, vi treng ekstern ingeniørkompetanse. Mykje av den får vi frå vår avdeling i Tyrkia, seier dagleg leiar Hans Ove Holmøy i Ålesund-baserte Skipsteknisk.
Selskapet omsette for 130 millionar kroner i 2014, og sat att med eit resultat før skatt på solide 33 millionar kroner. Dette vert pløygd inn att i drifta.
- Vi treng gode resultat i gode tider for å klare oss gjennom dei dårlegare tidene, seier han.
No er det så godt som dødt på bygging av nye offshoreskip, men det er forventingar om framleis god aktivitet både innanfor fiskeri og offshore.
- Målet vårt er å klare like høg omsetning i 2015 som i 2014, men vi er budde på at det kan halde hardt, seier Holmøy.

Ser mot Norge

Men han trur ikkje det vert like mykje skipsbygging i Tyrkia som siste åra. Her har Skipsteknisk vore av dei dominerande aktørane og hatt ei lang rekkje prosjekt for både norske og utanlandske reiarar ved dei to verfta Tersan og Besiktas.
- Vi trur det vert meir skipsbygging i Tyrkia, men på grunn av valutaendringar og tilgang på større kapasitet i Norge er det no langt fleire reiarar som ser mot Norge.
- Tidlegare var skilnaden på rundt 20 % mellom eit tyrkisk og eit norsk verft. No er vi gjerne nede på 10 %.

Men Skipsteknisk vil uansett halde fram med ingeniørsatsinga i Istanbul. Det er godt nytt for Cem Aktüre, som leier Skipsteknisk sitt ingeniørkontor i Istanbul.

Vil jobbe med nordmenn

Til NETT NO seier Aktüre at han har jobba med mange nasjonalitetar, men likar best å jobbe med skandinavar, og aller helst nordmenn.
- Dei er fleksible, avslappa, løysingsorienterte og deler erfaring og kunnskap.
Han seier at med tyskarar og hollendarar får ein gjerne klar beskjed om at det ikkje er noko å diskutere, om ein tek opp ei problemstilling.
- Og i Asia er det gjerne slik at det uansett sett skal gjerast slik det står på teikninga, anten det er fornuftig eller ei.
Aktüre meiner at samarbeid med nordmenn tilfører ein ekstra verdi.
- Nordmenn er ikkje problemskaparar. Dei er problemløysarar, og tilfører på denne måten også ny kunnskap.

Vurderte Polen og Kroatia

Istanbul-kontoret har hatt oppfølginga av ei rekkje prosjekt på dei tyrkiske verfta, men Holmøy seier at kontoret like gjerne kan nyttast til andre prosjekt.
- I stor grad er det detaljteikningar Tyrkia-kontoret jobbar med.
Holmøy seier at ein har vurdert å etablere kontor både i Kroatia og Polen, men valde Tyrkia.
- Lønene er er ikkje direkte lave. Det finst ikkje billege skipsingeniørar nokon stad. For oss er det viktige å ha god kvalitet, og vi ser det også som ein fordel at dei er tett tilknytta eit aktivt skipsbyggingsmiljø. I Kroatia er det nesten ikkje skipsbygging tilbake.

Forseinka båtar

Ei rekkje byggjeprosjekt har vore forseinka frå dei tyrkiske verfta.
Holmøy seier at det er ulike årsaker til dette.
- I enkelte tilfelle skuldast dette at reiarane har vore for seine med å velje utstyr.
- I andre tilfelle har byggjetida faktisk vorte sett for kort.

Viktig å ikkje stresse

Han er også av den oppfatninga at det er viktig å ikkje stresse for mykje på slutten.
- Det er mange som har brent seg på å byggje skipa for raskt og ta dei i bruk før dei er ferdig testa. Dette er noko vi prøvar å unngå i samarbeid med verft og reiarar.
- Normalt er det best å bruke den tida ein faktisk treng.
Det finst ikkje billege skipsingeniørar nokon stad

Publisert: 09.03.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41