70 aaring som ikkje gir opp
FAMILIEBEDRIFT: Vegard Hasund (t.v.) overtok som dagleg leiar etter onklelen Øyvind Hasund og driv familiebedrifta Hasund Mek. Verksted vidare. Her framfor ein rørkonstruksjon som Ulstein Verft har tinga.
Nytt

70-åring som ikkje gir opp

Hasund Mek. Verksted har eksistert i 70 år. No er ein nede i berre 4,6 årsverk, men dagleg leiar Vegard Hasund nektar å gi opp. 

23.02.2017
- Nei, for det første er dette ei familiebedrift, som eg har eit sterkt personleg forhold til og ønskjer å drive vidare.
- For det andre er vi gjeldfrie, låner ikkje ved kjøp av nytt utstyr og har fått ein grei start på året.
Hasund Mek. Verksted er veslebror i skipsindustrien i Ulstein. Men slik har det ikkje alltid vore. På det meste var bedrifta oppe i 60 tilsette, og i perioden 1964 til 1982 vart det levert 27 skipsskrog frå bedrifta.
No er aktivitetane maskinering, brenning av stål og seksjonsbygging, først og fremst som underleverandør til dei andre bedriftene i regionen.

Konkurrerer med Polen

Men etter at mange bedrifter byrja å produsere seksjonane og gjere anna stålarbeid i Polen, miste ein også mykje av oppdraga.
- Litt har det likevel vorte, spesielt dersom det har hasta å få noko produsert. Då er vi gode å ha, seier Hasund.
Han overtok som dagleg leiar etter onkelen Øyvind Hasund i 2011. Sistnemnde utgjer dei 0,6 årsverka av totalen på 4,6.
- Vi er nede i minimumsbemanning. Noko færre kan vi ikkje vere, seier Vegard Hasund.

Lokalt arbeid

I dei romslege produksjonshallane er dei tre produksjonsarbeidarane godt i gang med å lage eit stort rør til det havarerte bølgjekraftverket utanfor Runde, eit oppdrag som Hasund Mek. Verksted har fått gjennom Ulstein Verft.
- Dette er eitt av dei første oppdraga frå Ulstein Verft på lang tid, og eit viktig og gledeleg oppdrag for oss.
I fjor var Kleven og Rolls-Royce Propulsion viktigaste kundane, medan ein på kundelista selskap som Ulstein Betong og rørleverandørane Ahlsell og Brødrene Dahl.

Miste gamle Odim

I fjor vart det eit tøft år etter at gamle Odim, no Rolls-Royce Marine i Hjørungavåg, la ned produksjonen.
- Odim var ein svært viktig kunde. At Rolls-Royce Marine la ned, førde til at vi miste minst 25 prosent av omsetninga.
Omsetninga i 2016 stoppa på 5,3 millionar kroner, og ein sat att med nokre få kroner i pluss.
Vegard Hasund trur likevel at det vil vere behov for bedrifta vidare framover.
- Vi har i alle fall ingen planar om å gi oss med det første.
Øyvind Hasund er stor enkeltaksjonær i selskapet med 33,3 prosent av aksjane, medan Vegard Hasund eig 13,5 prosent direkte. I tillegg er han medeigar i familieselskapet Solvoll Invest som samla har 53,1 prosent av aksjane.
Vi har i alle fall ingen planar om å gi oss med det første

Publisert: 23.02.2017 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06