63 millionar i utbytte
UTBYTTE: Konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi foreslår eit utbytte på 63 millionar kroner etter 2017.
Nytt

63 millionar i utbytte

I fjor gjekk eigarane i Sogn og Fjordane Energi inn med 211 millionar kroner i ny eigenkapital. No får dei 63 millionar kroner i utbytte. 

30.08.2018
Grunnen til at Sogn og Fjordane Energi (SFE) bad eigaren om pengar i fjor er kraftverkutbygging i Høyanger til rundt 700 millionar kroner, og investeringar i nettutbygging på rundt 200 millionar kroner årlege dei neste to-tre åra.

Planen var opphavleg å hente inn 350 millionar kroner i kapitalutvidinga i fjor, men resultatet blei 211 millionar. Alle eigarane var med, med unntak av den nest største eigaren, Bergen kommunale kraftlag (BKK) og Naustdal kommune.

Det fylkeskommunale selskapet Sogn og Fjordane Holding eig 49,55 prosent av aksjane, BKK 36,83 prosent. Resten er fordel på sju kommunar.

1,5 milliardar

I løpet av dei fem siste åra har Sogn og Fjordane Energi investert 1,5 milliardar kroner. Cirka ein milliard har gått til investeringar i nettet, resten til kraftproduksjon.
I 2017 åleine var investeringane 319 millionar kroner, omlag 50/50 fordelt mellom nettet og kraftproduksjon - først og fremst i Høyanger.

377 millionar i utbytte

Dersom generalforsamlinga vedtek forslaget til utbytte etter 2017 har SFE betalt ut tilsaman 377 millionar kroner i utbytte dei siste fem åra.
2017 enda omlag som 2016 for kraft- og nettselskapet (sjå tabell).
Ein gevinst på 32 millionar kroner på salet av aksjane i Vestavind kraft og ein gjennomsnittleg kraftpris på 2,5 øre på kWh over 2016 trekte opp.

Publisert: 30.08.2018 15:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19