550 millionar rett i lomma
PENGAR Å SPARE: Fiskar Kjetil Måløy i Ålesund, og heile fiskeflåten med han, sparer på oljeprisfallet.
Nytt

550 millionar rett i lomma

Med dagens bunkerprisar ligg fiskeflåten an til å spare rundt 550 millionar kroner i året, samanlikna med prisnivået frå forsommaren 2014. 

22.02.2015
ANALYSEKjetil Måløy legg til med sin nyinnkjøpte sjark "Sapir" ved Bunker Oil sitt anlegg i Skarbøvika.I løpet av eit kvarters tid har han tanka opp rundt 4500 liter, og er klar for fiske igjen.Båten er så ny for Måløy at han ikkje har full oversikt over drivstoff-forbruket enno, men med den gamle båten som han selde i fjor anslår Måløy at han brukte rundt 150.000 kroner i drivstoff årleg. Det var før oljeprisen tok til å falle, og etter kvart bunkersprisen med den. Med dagens prisar ville han spart rundt 25.000 kroner årleg. Det er ei relativt stor innsparing (16 prosent). For fiskeflåten samla sett er effekten av prisfallet enda større. Fiskeflåten brukar nesten 400 millionar liter drivstoff i året, i følgje ei oversikt frå ingeniørkonsulent-selskapet Cowi. Med dagens prisnivå utgjer det årlege drivstoffkostnadar på rundt 1,65 milliardar kroner.Ein oversikt frå Bunker Oil viser at februarprisen i 2015 så langt ligg rundt 25 prosent lågare enn prisnivået frå juni 2014.Prisnivået frå juni 2014 gav årleg drivstoffkostnadar på 2,2 milliardar kroner, 550 millionar kroner meir i året enn dagens prisnivå.- Alle ting bidrar positivt no, seier Tore Anders Slinning hos Bunker Oil om situasjonen for fiskarane.Ikkje berre har drivstoffet blitt billegare, prisen på kvitfisk som torsk, sei og hyse - som Måløy fiskar etter - har gått opp.Oljeprisfallet er ille for mange, men slett ikkje for alle.Fallande drivstoffprisar går rett på botnlina for havfiskreiarlaga, og er ein av grunnane til at finansanalytikar Kolbjørn Giskeødegård har så store forventningar til utviklinga for det børsnoterte fiskebåtreiarlaget Havfisk i Ålesund. Havfisk-flåten fiskar med trål, den fiskebåtgruppa som trass i klar reduksjon i drivstoff-forbruket pr. kilo fanga fisk dei siste åra, framleis er den mest energikrevjande måten å fange fisk på (sjå grafikk). Difor slår lågare bunkerpris ekstra positivt ut for Havfisk og resten av eigarane i trålarflåten.Medan offshorefarty i opplag og permitterte sjøfolk er minuset med oljeprisfallet, er kostnadskutta for fiskarane ein del av fordelane ved at oljeprisen fell.Flyselskap som SAS, Norwegian og Widerøe kan og kutte kostnader når oljeprisen fell. Det same gjeld transportbransjen både til sjøs og på landevegen. Skal du legge asfalt i oppkjørselen er det god sjanse for at det blir billegare til sommaren enn det var i fjor sommar.Om det er bra for miljøet er ei anna sak.Cowi, som har kartlagt forbruket av drivstoff i fiskeflåten i fleire år, har mellom anna avdekka store sprik mellom dei mest energieffektive båtane og gjennomsnittet. Skilnadane har lite med utstyr og maskineri å gjere, men mykje med haldningar og kunnskap.Cowi-statistikken viser det same over heile fjøla - dei dyktigaste brukar langt mindre drivstoff pr. kilo fisk enn gjennomsnittet.Ein gjennomsnittleg ringnotbåt brukar til dømes drivstoff for rundt 2,5 millionar kroner meir i året enn dei mest effektive kollegane, utan at det blir meir fisk ut av det. Slik var det i alle fall før oljeprisen byrja å falle.Lågare oljepris, og dermed lågare drivstoffprisar, tek truleg bort noko av motivasjonen for utvikle meir energieffektive maskiner, skipsskrog og utstyr. Men det kan vere ei kortsiktig glede. For det første vil truleg miljøkrava frå styresmaktene blir strammare, og redusert avgiftsnivå på drivstoff som fiskarane nyt godt av i dag kan forsvinne eller bli mindre omfattande.For det andre kan oljeprisen stige på nytt.Kjem oppsvinget i oljeprisen til gamle høgder, slik analytikar Jarand Rystad i Rystad Energy spår, kan det vere lurt å bruke ein del av det ekstra overskotet som den låge oljeprisen i dag gir til å investere for å få forbruket av drivstoff ned i framtida.
Alle ting bidrar positivt no

Publisert: 22.02.2015 06:30

Sist oppdatert: 22.07.2021 14:32