40 arbeidsplassar staar i fare i Gjerdsvika
MISTAR STØRSTE KUNDEN: Maritim Food i Gjerdsvika har fått varsel om at dei mistar sin største kunde. Det gjer at kring 40 arbeidsplassar står i fare ved Sande-bedrifta. 
Nytt

40 arbeidsplassar står i fare i Gjerdsvika

Fiskematprodusenten Maritim Food jobbar febrilsk for vidare drift etter varsel om at dei mister store leveransar.

Marius Rosbach
13.03.2019
Det brenn eit blått lys for 40 arbeidsplassar ved Maritim Food i Gjerdsvika i Sande etter at Unil og Norgesgruppen ikkje lengre vil ha fiskemat frå bedrifta.
– Vi gjer alt som står i vår makt for å finne ei løysing, men det er ikkje enkelt, fortel dagleg leiar Jan Brevik til NETT NO.
Dei tilsette vart orienterte på eit møte tysdag. Drygt 30 personar er tilsett på heiltid, medan nokre er vikarar og deltidstilsette.

Er leigeprodusent

Gjerdsvika-bedrifta er no . Maritim Food har vore ein sokalla leigeprodusent for Norgesgruppen, mellom anna under merkenamnet Fiskemannen.
– Dei har vore vår hovudkunde i over 20 år og vi har nettopp fått eit varsel om at dei ikkje vil vidareføre kontrakten om leveranse av fiskemat. Det er ein av risikoane ved å vere leigeprodusent, seier Brevik.
– Betyr det at alle arbeidsplassane ved bedrifta står i fare?
– Ja, iallfall store delar av dei. Det er ikkje til å legge skjul på, seier han.

Forsøker finne alternativ

Brevik påpeiker at det er tidleg i prosessen, men at dei vil spele med opne kort og samarbeide med tilsette og tillitsvalte for å behalde arbeidsplassane.
– No er vi i ei planleggingsfase og skal forsøke å finne nye kundar for stekt og kjølt fiskemat. Vi har vore desidert størst hos Unil, men det er ikkje berre å møte opp med Coop eller Rema 1000 og til dømes få ein avtale der, seier Brevik.
Fiskematen står for kring to tredelar av volumet og litt mindre i omsetnad. Makrell i tomat er det største enkeltproduktet frå Gjerdsvika-bedrifta.
– Om vi til dømes kan auke produksjonen av makrell i tomat som eksportartikkel, så vil vi forsøke det også, men dette var ei tøff melding å få, seier Brevik.
Han påpeiker at det ikkje er dei økonomiske resultata det står på.
– Maritim Food har gjort det veldig bra og vi er fantastisk nøgd med resultatutviklinga i Gjerdsvika. Dette var eit tungt slag i ansiktet, seier Brevik.

Publisert: 13.03.2019 14:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32