350 fleire paa tiltak
TILTAK: Fullt hus på jobbmesse i Ålesund i mars i år. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal har stabilisert seg i år, men til saman er talet på heilt arbeidslause og folk på tiltak på det høgaste nivået på 10 år.
Nytt

350 fleire på tiltak

Arbeidsløysa er stabil, men talet på folk på tiltak aukar.

02.12.2016
I Møre og Romsdal er det no 950 personar som går på arbeidsmarknadstiltak for å få hjelp til å kvalifisere seg til og finne ny jobb.
Det er ein auka på 350 personar samanlikna med for eitt år sidan, viser november-statistikken frå NAV.
Summen av personar på tiltak og heilt ledige har ikkje vore høgare på 10 år.
Veksten er ein konsekvens av arbeidsmarknaden, seier direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal. Han meiner tiltaka bidrar til å gi ein varig verknad, sjølv om at det kan ta tid før dei som går på tiltak er i ny jobb.
- Erfaringa er at mange kjem ut i arbeid, seier Veland.

Veksten avtar

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal var 3,1 prosent i november. Det utgjer 4325 personar og er ein auka på 9,3 prosent samanlikna med november 2015.
I oktober var arbeidsløysa tre prosent, 13,2 prosent over nivået i oktober 2015. Veksten i arbeidsløysa har flata ut i år, og gått nedover samanlikna med same periode i fjor utover 2016.

Men ein viktig grunn til utflating er altså at fleire går på tiltak.
Det er framleis dei oljetunge kommunane Kristiansund (5,1 prosent), Ulstein (4,8 prosent), Hareid (5,1 prosent), Haram (4,2 prosent) og Herøy (3,9 prosent) som har den høgaste arbeidsløysa.

Lågast i landet

Sogn og Fjordane held på posisjonen som fylket med lågaste arbeidsløyse i landet. Fylket har 912 heilt ledige, som utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 12 prosent samanlikna med november 2015.
Talet på innmelde ledige stillingar auka også. I november vart det meldt inn 485 nye stillingar, 11 prosent fleire enn i fjor. Hittil i år er talet på innmelde stillingar 19 prosent over kor mange som vart innmeldt i same periode i 2015, skriv NAV i ei pressemelding.
På landsbasis er arbeidsløysa 2,8 prosent.

Publisert: 02.12.2016 12:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04