30 prosent vekst for Helland
STORDAL: Helland Møbler er store på helse- og institusjonsmøblar, der dei leverer kvilestolar, sitjegrupper og spisebord-møblement blant anna. Her er marknadssjef Geir Østrem (til v.) og adm. dir. Joakim Helland. 
Nytt

30 prosent vekst for Helland

Helland Møbler med betydeleg omsetningsvekst og resultatforbetring i fjor. 

Kristin Vidhammer
16.07.2018
Helland Møbler har tatt bevisste strategiske grep og fekk i fjor rekordomsetning.
Samla vart driftsinntektene 86 millionar kroner og resultatet før skatt på 3,8 millionar kroner. Selskapet fekk i fjor ein omsetningsvekst på ca. 30 prosent og også eit betydeleg betre resultat enn året før (sjå tabell).
- Vi hadde eit eventyrleg år i fjor. Men når det gjeld inneverande år, er vi såpass edruelege at vi budsjetterer berre med ein vekst på 2-3 prosent, sa adm. direkør Joakim Helland og marknadssjef Geir Østrem til NETT NO tidlegare i år.
Les også:

Marginane byrjar å kome på plass

Resultatmarginen i fjor var rundt 5 prosent på botnlinja før skatt.
- Marginen var tilfredsstillande og heilt klart ei bedring. Men det må vere på dette nivået dersom vi skal kunne investere så mykje i produktutvikling som vi gjer. I fjor brukte vi fem prosent av omsetninga i produktutvikling, det er ganske mykje. Det kosta oss også ganske mykje å etablere oss i Estland og flytte produksjonen. Men det er veldig kjekt å sjå at grepa vi har tatt har gitt oss omsetningsvekst og bedring i lønsemda, sa dei vidare.

Store på helsemøblar i Norge og Sverige

Helland Møbler er ein av dei fremste leverandørane av helsemøblar i Norge og Sverige og er også i startgropa i Tyskland.
- Det som skiller oss frå dei fleste andre konkurrentane i vår nisje, er at vi er godt framoverlent og har store ambisjonar. Vi satsar internasjonalt og vi satsar knallhardt på produktutvikling, sa dei i januar.
Dei leverer særleg til alders- og sjukeheimar, men også til sjukehus blant anna. Det er i hovudsak kvilestolar, sitjegrupper og spisebord-møblement dei sel - og då på anbod i kontraktsmarknaden.
Norge er fortsatt hovudmarknaden, men dei har hatt god vekst i Sverige og er også i gong i Tyskland, der dei etablerte eige salskontor på tampen av 2015.

God vekst i Sverige

I fjor var eksportandelen 22 prosent. Dei har satsa mest i Sverige, der dei også har eige showroom i Stockholm. Omsetninga i Sverige har tredobla seg på fire år og er no på omlag 15 millionar. Blant anna har dei levert 1000 kvilestolar til Karolinska-sjukehuset.
- Vi har fått eit bra namn i Sverige og då byrjar ballen å rulle. Det er veldig gledelig og vi er komne over den første kneika der.
Stolane dei leverte til Karolinske, var utvikla i samarbeid med kunden, noko som dei ofte gjer.
Dei har bra vekst også i Tyskland, der det er eit stort potensial.
- Det går riktig veg, sjølv om det foreløpig er ei beskjeden omsetning der. Tyskland er ein veldig stor, men også krevjande marknad, sa dei vidare.

Lanserte nyheiter og jobbar med velferdsteknologi

I år lanserte dei seks-sju nyheiter der under møbelmessa i Stockholm.
Dei jobbar også med blant anna eit produktutviklingsprosjekt som omhandlar velferdsteknologi, utan at dei tidlegare i år kunne seie så mykje meir.
- Totalmarknaden for våre produkt er aukande og grunnen til dette er eldrebølja, skriv dei i årsmeldinga for i fjor.
Dei ventar også at prisnivået og marginane til Helland Møbler blir betre på sikt.

Utvidar fabrikken i Estland

Helland Møbler har etablert eit dotterselskap og flytta produksjonen til Estland i 2015, der ca. 10 prosent av omsetninga går til eksterne kundar.
Dei gjer no store investeringar i Estland, der dei skal utvide den eine fabrikken med 2300 m2 og investerar 15-20 millionar kroner i bygg og maskiner.
Helland Møbler eig også Brøste Møbler på Verma, som produserer møbelplater til bord, skap etc, samt at dei produserer kjøkken for eksternt sal. Også dette selskapet hadde god ordreinngong i fjor og omsetningsveksten var nesten 25 prosent.
Samla omsetning i alle selskapa ligg i overkant av 90 millionar kroner. Konsernet har nesten 90 tilsette; 60 i Estland, 13 i Stordal og 8 på Verma, i tillegg til sju seljarar.
Joakim Helland er tredje generasjon og eig Helland Møbler i lag med broren Runar og faren Sindre med hhv. 40, 40 og 20 prosent.

Publisert: 16.07.2018 13:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24