3 4 millionar i sakskostnadar
FØRSTE RUNDE: Ole-Reinhart Notø og Silje Bruun Teigen var advokatar for Stig Remøy i tingretten medan Sondre Loftheim Valaker (til høgre) representerte saksøkjarane.
Nytt

3,4 millionar i sakskostnadar

Prisen for tingrettsaka mellom Stig Remøy og dei tidlegare partnarane i Emerald Fisheries er 3,4 millionar kroner.

14.02.2020
Dommar Elisabeth Wiik åtvara mot ein lang og dyr prosess og rådde partane til å inngå forlik, då rettsaka mellom selskapa Ervik Marine as (Ervik-familien i Ålesund), Frode Igland as (Frode Igland i Bergen), Støylebakken as (Jon Reidar Ervik i Ålesund) og Fagerlia Invest (Jørgen Ervik i Ålesund) - og Stig Ervik - starta mandag 3. februar.

Dei tidlegare partnarane i krillfiskeriselskapet Emerald Fisheries krev 25,3 millionar kroner i erstatning frå Remøy.
Oppmodinga om forlik var forgjeves, og no er sakskostnadsoppgåvene for fire dagar i retten klare.
Advokat Sondre Loftheim Valaker i advokatfirmaet Kluge oppgir 1,8 millionar kroner i sakskostnadar. Av det er 1,6 millionar salær - som er betaling til advokaten. Lofthus representerer saksøkjarane.
Adviso Advokatfirma oppgir sakskostnadar på 1,6 millionar, og har ikkje andre sakkostnadar enn salær.

Samarbeid surna

Stig Remøys selskap Olympic Holding vart partnar og etterkvart største aksjonær i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries, med like over 90 prosent eigarandel. Etterkvart surna samarbeidet og i 2013 kravde dei andre aksjonærane å bli løyst ut av Emerald Fisheries. Medan Stig Remøy meinte 3,60 kroner pr. aksje var rett pris, ville motparten ha 233,27 kroner pr. aksje. Søre Sunnmøre tingrett konkludert i 2015 med at 35,85 kroner var rett verdi. Det gav minoritetseigarane 25 millionar kroner og verdsette selskapet til 250 millionar.
I ankesaka året etter, i august 2016, kom lagmannsretten fram til omlag same beløp.

Ikkje betalt

Då lagmannsretten konkluderte om verdien av aksjane var både Olympic Holding - som eigde både offshore- og fiskeriselskap - og Emerald Fisheries i krise.
Olympic Holding melde oppbod og det blei opna konkurs 21. desember 2016, dagen etter at selskapet skifta namn til MJ Eigedom.

Konkursen i Emerald Fisheries kom vinteren 2017 etter at gjeldsforhandlingane ikkje førte fram.

Personleg ansvar

Dei fire saksøkjarane meiner Stig Remøy har eit personleg erstatningsansvar etter styreansvarsregelen i aksjelova ved at han før konkursen i Olympic Holding gjorde fleire disposisjonar som svekka Olympic Holding si økonomiske stilling og dessutan behandla dei ulike kreditorane til selskapet ulikt.
Stig Remøys advokatar i Adviso Advokatfirma avviste skuldingane og kravet mot Remøy.

Publisert: 14.02.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53