28 aaringar med eige reiarlag
VAKTBÅT: "Asper Victoria" er selskapet sin siste båt, ein båt som har hatt vaktoppdrag for Statoil på Snorrefeltet og Emac AMC på Gudrunfeltet. No er det booka fleire nye oppdrag.
Nytt

28-åringar med eige reiarlag

Dei er 28 år gamle, og har på kort tid bygd opp eit reiarlag med to offshore spesialskip og over 20 tilsette. No tenkjer dei ekspandering.

20.01.2014
- Vi ser på fleire ulike alternativ, men eitt eller anna vert det nok, seier dagleg leiar Jetmund Runde i Asper Norway AS.
Saman med kompisen Håvard Årsheim frå Austefjorden, hoppa Jetmund Runde frå Runde i 2010 av ein sikker jobb på ein fraktebåt, og satsa på å starte deira eige reiarlag.

Gjekk i gang sjølve

Han er sjølv utdanna skipper, medan Årsheim er maskinist, og begge har lang fartstid på sjøen trass sine unge år.
- Det er dette vi kan, seier dei.
Løysinga var at dei selde bilar og leilegheiter, og skaffa nok kapital til å kjøpe den 40 år gamle bomtrålaren «Asper Maria». Dei gjekk sjølve i gang med å oppgradere den til vaktbåt innanfor offshore.
- Vi kunne gjort dette på eit skipsverft og svidd av millionar av kroner. I staden kjøpte vi oss sveiseapparat og gjekk i gang sjølve, seier Runde.

Kontrakt via Gule sider

Samstundes sette han seg ved telefonen, leitte opp på Gule sider i Telefonkatalogen, og starta å ringje rundt til oljeselskap.
- Eg visste ikkje kven eg skulle ringje og kva eg skulle seie, men alt etter ei veke fekk vi napp.
Kontrakten var på ein månad for Maersk Olje og Gas, og gjekk ut på å vere vaktbåt ved oljebøyer på Haltenbanken.
- Denne kontrakten gav oss ein god start, seier Runde.

Vaktbåt i Barentshavet

Deretter vart det tre månader med meir oppgradering av båten, før ein lukkast å få ei langsiktig kontrakt med oljeselskapet ENI Norge som vaktbåt ved oljeinstallasjonar på havbotnen i Barentshavet.
Denne kontrakten pågår enno, og har gitt bra med pengar i kassa, så mykje at selskapet satsa på å kjøpe endå ein ombygd fiskebåt tidleg i 2013.
- Vi måtte ha femårsklassing på gamlebåten, noko som tek rundt ein månad. Dermed måtte vi ha erstatningsfartøy.
I staden for å leige ein båt, satsa ein på å kjøpe ein båt. Dei kjøpte like godt vaktbåten «Cevita» frå ein av sine konkurrentar, og omdøypte båten til «Asper Victoria».
Nok ein gong vart det raskt nye kontraktar, først ein månad vaktoppdrag for Emac AMC på Gudrun-feltet, før det vart sju månaders kontrakt for Statoil på Snorrefeltet.
Den siste kontrakten tok slutt ved jul.
- Vi ser på fleire nye jobboppdrag. Det er ein snever marknad, men kundane er på oss og fleire oppdrag er booka, seier Runde.

Satsar norsk

Selskapet omsette i 2012 for knappe ti millionar kroner, men hadde eit solid driftsresultat på 3,4 millionar kroner. I 2013 er omsetningstala tidobla. Runde seier at også botnlinja er god.
- Ja, 2013 vart eit veldig godt år.
Selskapet har hittil satsa berre på norsk mannskap.
- Eg seier ikkje at vi aldri kjem til å satse på noko anna, men vi ønskjer å satse på norske sjøfolk så lenge vi klarer. Då veit vi kva vi får. Målsetninga då vi starta var å danne norske arbeidsplassar både på sjø og land.

Veslebror i offshore-Herøy

Selskapet har hovedkontor i Fosnavåg sentrum, med store offshoreselskap på alle sider. Jetmund Runde seier at det aldri har vore aktuelt å ta opp kampen med dei store.
- Vi har funne vår eiga nisje, og sjølv har eg sett på meg sjølv som ein veslebror i reiarlagsmiljøet i Herøy.
Han seier likevel at selskapet har vorte godt mottatt mellom dei andre reiarane.
- Men bankane lokalt har ikkje hatt tru på oss, så vi måtte ty til ein bank i Ålesund for å få lån.

Ein livsstil

Han legg heller ikkje skjul på at det har kosta å byggje opp eit selskap frå grunnen av.
- Det har vore enormt mykje jobb. I starten gjekk det mykje på pulverkaffi og paracet. Ein normalarbeidsdag er ofte på 16-17 timar.
- Det var kjekt i starten, så vart det ei dyd av nødvendigheit. No har det vorte ein livsstil.

Ingen dans på raude roser

Han seier at det hadde ikkje gått om han hadde familie å ta seg av.
- Nei, om ein skal lukkast må ein satse alt på det ein har tru på, og gi alt både psykisk og fysisk. Så nokon dans på raude roser utanfor kontordøra kan ein ikkje legge opp til, smiler Runde.
Det har vore enormt mykje jobb. I starten gjekk det mykje på pulverkaffi og paracet

Publisert: 20.01.2014 07:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30