2019 vert eit gullaar for Norge
OPTIMIST: Dei fleste pilane i norsk økonomi peikar oppover, fastslår sjefsanalytikar Erik Bruce i Nordea Markets.
Nytt

- 2019 vert eit gullår for Norge

Sjefsanalytikar Erik Bruce i Nordea Markets er meir optimistisk enn på lang tid, men er usikker på utviklinga i aksjemarknaden.

22.01.2019
- Den globale resesjonsfaren er overvurdert. Arbeidsløysa har falle mykje. Fastlandsøkomien veks. Norsk økonomi går bra. Oljekrisa er definitivt bak oss.
- 2019 vert eit gullår for Norge.
Det fastslo Erik Bruce i eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.

Rentefrykt

Trass i at dei fleste pilane peikar rett veg, var ikkje Bruce like sikker på at dette kom til å vise att i aukande børskursar.
Han meinte at den viktigaste grunnen til dette var frykta for høgare renter.
- Eller sagt på ein annan måte; aksjemarknadene har vorte drivne av lave renter.
- Til lavare avkastning i rentemarknaden, til lavare avkastning forventar du i aksjemarknaden. Du lånefinansierer gjerne aksjekjøp.
- Lave renter tvang investorane inn i aksjar, sa Bruce.

- Overdriven reaksjon

Men situasjonen har no endra seg ved at det har spreidd seg ei oppfatning om at rentene skal opp, som igjen har ført til uro i aksjemarknadene.
Bruce meinte at reaksjonen var overdriven.
- Det går bra i USA, dei fleste indikatorane er gode. Lønsveksten er på veg oppover, og i USA vert det tilsett 200.000 per månad. Og dette er bra for økonomien.
- I Europa også liknande utvikling.
- Vi trur ikkje på renteauke i USA i mars. Vi trur at sentralbanken vil gå veldig roleg fram, sa Bruce.

Ekstremt lave fastrenter

Han trudde heller ikkje på kraftig norsk renteauke.
- Vi har no ekstremt lave fastrenter i forhold til den flytande renta. Ein av grunnane er at marknaden ikkje trur heilt på Norges Bank sine prognoser om antal nye renteauker.
Erik Bruce for sin del trudde på Norges bank sine prognoser med to nye rentehevingar i år, og tre til innan 2021.
- Rentehevingane vil kome over tid, og dei vert ikkje store.

Oljepris over 60 dollar

Bruce spådde også at oljeprisen ville halde seg over 60 dollar fatet.
- Om vi kjem under 60, vil OPEC halde igjen produksjonen.
Han viste til at i 2015 var mange av dagens utbyggingar på norsk sokkel ikkje lønsame med dagens pris. Men etterpå har kostnadene gått kraftig ned.
- Så å seie alle større utbyggingar i Norge er no lønsame med dagens oljepris.
- Oljeselskapa renn over av pengar med dagens oljepris. Dei har store cash-overskot sjølv etter å ha betalt utbyte.
- Ein god del av dette vil verte investert til leiting og nye prosjekt. Det ser bra ut, fastslo Bruce.

Optimistiske leiarar

Tre firedelar av leiarane i den norske olje- og gassindustrien deler Bruce sin optimisme og er sikre på at industrien vil vekse i 2019. Det viser ei ny undersøking.
Heile 77 prosent av leiarane forventar vekst, noko som er ein auke på 12 prosent frå året før.
Det kjem fram i rapporten «A test of resilience» som er basert på ei global spørjeundersøking av 791 leiarar, gjennomført av DNV GL.
Blant landa som er analysert, er Noreg eitt av landa der det er størst moglegheit for at rekrutteringa vil auke og nedskjeringa i talet på tilsette vil minke, heiter det i ei pressemelding.

Færre nedskjeringar

I undersøkinga svarar 74 prosent av dei norske leiarane at dei er optimistiske når det gjeld utsiktene for deira eigne selskap i 2019, og 39 prosent forventar at selskapet deira vil skape fleire jobbar i år. Det er ein auke på 12 prosent frå i fjor.
Berre 13 prosent seier dei vil redusere arbeidsstokken i 2019, ned frå 55 prosent i 2017 og 21 prosent i 2018.
– Det er gode nyheiter at dei smertefulle jobbnedskjeringane som fann stad under den siste marknadssvikten, no minskar etter kvart som norske olje- og gasselskap har teke klare skritt for å auke kostnadseffektiviteten sin og attskape lønnsemd, seier regionalsjef Arve Johan Kalleklev i DNV GL Noreg.

Trur på inntektsmål

I studien kjem det også fram at den norske olje- og gassindustrien er på fjerdeplass av dei som med minst sannsyn vil auke investeringane sine, og på andreplass blant dei som er minst sannsynlege til å auke driftsutgiftene.
Samtidig svarar 24 prosent av leiarane at selskapet deira i år vil auke investeringane sine.
Heile 87 prosent meiner at kostnadskontrollen vil auke eller bli verande uforandra i 2019. 70 prosent trur at organisasjonen deira vil nå inntektsmåla sine, opp frå 65 prosent i fjor.
Oljeselskapa renn over av pengar med dagens oljepris. Dei har store cash-overskot sjølv etter å ha betalt utbyte

Publisert: 22.01.2019 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30