2 2 millionar i opsjonsgevinst
9,5 MILLIONAR: Hexagon-sjef Jon Erik Engeset eig aksjar i selskapet for 9,5 millionar kroner etter å ha innløyst opsjonane han blei tildelt i 2017.
Nytt

2,2 millionar i opsjonsgevinst

Opsjonane Hexagon-sjef Jon Erik Engeset fekk i 2017 gav ein gevinst på 2,2 millionar kroner. 

17.02.2020
Engeset har innløyst 250.000 opsjonar som han fekk i 2017, som ein del av eit belønningsprogram for leiinga i Hexagon Composite. Innløysingskursen var 27 kroner pr. aksje, medan kursen ved børsslutt fredag 14. februar var 35,95 - som gir Engeset ein gevinst på 2,2 millionar kroner.

Også i fjor løyste Engeset inn opsjonar i Hexagon, som han fekk i 2016. Då var gevinsten to millionar kroner.

Aksjar for 9,5 millionar

Etter at Engeset innløyste opsjonane han fekk i 2017 har han 263.544 aksjar i Hexagon Composites, som med dagens kurs er verdt 9,5 millionar kroner.
Han har og 120.000 opsjonar som har fekk i 2018. Dei kan først innløysast om eitt år. I tillegg har han såkalla "performance stock units" som gir han rett til aksjar i 2022 gitt at selskapet når talfesta krav som styret har sett opp. Per i dag utgjer desse "performance stock units" 136.986 aksjar.

Miste milliardavtale

Etter at konsernet miste ein milliardavtale med ein større bilprodusent i januar, stupte aksjekursen frå ein verdi på nærare 40 kroner.
I ettertid er mykje av verdien henta inn. Avtalen blei inngått sommaren 2018 og medverka til ein langvarig opptur på børsen, frå rundt 25 kroner per aksje til toppen - nesten 44 kroner per aksje - i mai 2019.

Japanske Mitsui er største aksjonær med 25,01 prosent av aksjane, medan Flakk-familien har knappe 19. Selskapet har hovudkontor i Ålesund og har mellom anna produksjon på Raufoss, i USA og Tyskland.

Publisert: 17.02.2020 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53