1500 utlendingar har reist heim
FLEIRE BEIN Å STÅ PÅ: Eit variert næringsliv dempa effekten av oljenedturen. Innpendla utlendingar flytta heim. Saman har det halde arbeidsløysa i Møre og Romsdal nede på eit lågt nivå, meiner Stein Veland, NAV-sjef i Møre og Romsdal.
Nytt

1500 utlendingar har reist heim

Då oljeboomen var på sitt høgaste, var 2500 utanlandske leigearbeidarar på plass i Møre og Romsdal. No er det 1000 att.

25.12.2017

Anslaget frå NAV Møre og Romsdal er mykje av forklaringa på kvifor arbeidsløysa i fylket har halde seg på eit uventa lavt nivå etter at oljeprisen stupte og offshorereiarane slutta å bestille nye båtar.

- Hadde alle blitt, hadde arbeidsløysetala vore veldig mykje høgare, seier Stein Veland, NAV-sjef for Møre og Romsdal.

I desember er arbeidsløysa i fylket på 2,4 prosent, det same som landsgjennomsnittet.

1500 har reist heim
Men slik hadde det ikkje vore om 1500 utlendingar hadde blitt verande då det blei mindre å gjere. 1500 ekstra arbeidsledige hadde gitt ei arbeidsløyse på 3,5 prosent i staden for 2,4 prosent.

Over 5000 personar hadde då gått heilt ledige i fylket. I og med at mange av utlendingane kom hit for å jobbe i verft og andre maritime bedrifter, er det sannsynleg at det er nettopp dei kommunane som i dag har den høgaste arbeidsløysa – Herøy, Ulstein, Hareid, Haram og Kristiansund - som hadde fått den største smellen om alle utlendingane hadde blitt.

Ulstein, med både Kleven og Ulstein Verft, ligg på toppen i arbeidsløyse i fylket. Kommunen hadde heile 5,4 prosent arbeidsløyse i september og begge verfta har basert seg på mykje arbeidskraft frå utlandet.

Over halvparten (56 prosent) av arbeidarar og abeidsleiarar ved Ulstein Verft var tilsett hos underleverandørar hausten 2014. Det viser talmaterialet forskar Marte Fanneløb Giskeødegård i Møreforsking samla saman i samband med ei undersøkinga av kva utanlandske arbeidarar betydde for verftet. Av dei innleigde arbeidarane utgjorde polakkar den aller største gruppa (81,3 prosent). I alt var det 13 nasjonalitetar på verftet då undersøkinga vart gjort.

Mellombels høg arbeidsløyse
Den triste statistikken for ytre søre Sunnmøre er berre mellombels, etter Veland si vurdering. Han trur ikkje Ulstein, Hareid, Herøy og Kristiansund blir verande i ein situasjon der arbeidsløysa der blir liggande vesentleg høgare enn resten av fylket heller.

- Vi trur at dette vil jamne seg ut, seier han.

Folk er fleksible både når det gjeld bustad og arbeidsoppgåver. Enten blir det pendling eller flytting, eller så blir utdanning og erfaring tatt i bruk på nye oppgåver, er Veland sin spådom.

Pendlar frå andre delar av landet
Veland meiner både tilstrøyminga og utflyttinga av utanlandsk arbeidskraft speglar ei endring i arbeidsmarknaden, der arbeidstakarar og selskap pendlar mellom oppdrag i heile Europa.

- Vi har ein meir internasjonal arbeidsmarknad, seier han.

At arbeidsløysestatistikken i Møre og Romsdal ikkje ser verre ut enn den gjer, skuldast og at ein del av dei som har mista jobben i bedrifter i fylket bur i andre deler av landet. Når dei miste jobben, slo det ut i arbeidsløysestatistikken i andre fylke. Spesielt sjøfolk kan godt bu andre stadar, sjølv om dei har jobb i eit sunnmørsk reiarlag.

- Vi er fylket folk pendlar inn til, seier Veland.

Mange bein å stå på
Den tredje faktoren som held arbeidsløysa ned er sjølvsagt at det går godt i store deler av næringslivet på Nordvestlandet.

- Nesten alt som har med fisk å gjere, seier Veland når han skal peike på døme på oppgangsnæringar.

Folk har ikkje kneppa att lommeboka heller, noko som er typisk i tøffe tider.

- Vi ser at det undervegs har vore ganske stor aktivitet i handel, seier Veland.

Då oljeprisen fall og oljerelaterte bedrifter byrja å stramme inn rådførte Veland seg med kollegaen i oljefylket Rogaland. Beskjeden var at Møre og Romsdal tradisjonelt ligg eit halvt år etter Rogaland i syklusane i arbeidsmarknaden. Det viste seg å stemme ganske bra i første omgang, og arbeidsløysa nådde heller aldri Rogalandshøgder då den byrja å stige.

Då den verste pessimismen byrja å sleppe taket i Rogaland gjekk det ikkje lenge før det blei teikn til betring i oljerelaterte bedrifter også i Møre og Romsdal.

Slik Veland ser det, var Møre og Romsdal betre skjerma mot oljenedturen enn Rogaland, takka vere eit meir variert næringsliv.

Fylket har eit stort innslag av offshorereiarlag og verft som var retta mot å bygge offshorebåtar. Men dei er ikkje einerådande.

- Vi har hatt mange fleire bein å stå på, seier Veland.

Veland reknar heller ikkje med at oljejobbane blir borte, sjølv om han trur oljebonanzaens tid er forbi.

- Det er mange jobbar der, og det vil vere behov for folk der framleis.

Publisert: 25.12.2017 06:00

Sist oppdatert: 30.09.2023 12:03