15 million kontrakt til Maritime Partner
NY KONTRAKT: Sals- og marknadssjef Gisle Anderssen i Martime Partner kan glede seg over eit nytt byggjeoppdrag.
Nytt

15 million-kontrakt til Maritime Partner

Maritime Partner i Breivika skal levere til vindkraftindustrien.

13.10.2016
Kontrakten med Astilleros Gondan i Spania omfattar to hurtiggåande redningsbåtar og to båtar for båtar for transport av servicefolk frå serviceskip til vindtubinane, og er på i alt 15 millionar kroner.
- Det vil sikre arbeid til dei som er her, det er ein god leveranse for oss, seier sals- og marknadssjef Gisle Anderssen i Martime Partner til NETT NO.

Startar arbeid

Arbeidet med å teikne båtane startat med ein gong, og målet er å levere dei første i september 2017 og dei siste i mai 2018. Dei to transportbåtane blir i underkant av 12 meter lange.
Båtane skal brukast av to serviceskip for vindkraftindustrien som Østensjø Rederi har under bygging på det spanske verftet.

La om

Maritime Partner var opphavleg retta mot produksjon av arbeidsbåtar til offshore oljeindustri, men starta allereie før oljeprisen fall å orientere seg mot nye marknadar, mellom anna oppdrett og forsvar.
Vindkraftindustrien er ein marknad selskapet trur skal vekse og gi nye oppdrag framover, i følgje Anderssen.


Publisert: 13.10.2016 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02