15 aaring held fram aa vekse
VEKS: Rektor Knut Arne Tokheim ved  Møre barne- og ungdomsskule leiar ein skule i vekst. Om elevtalet held fram med å auka, må dei vurdere utviding. 
Nytt

15-åring held fram å vekse

Privatskulen i Herøy må snart vurdere ny utviding – men i fjor tapte stiftinga pengar for første gong.

Marius Rosbach
10.07.2019
Den kristne privatskulen Møre barne- og ungdomsskule har vist seg å ha livets rett. Sidan oppstarten i 2004 har skulen opplevd meir enn ei tredobling av elevtalet og hadde i fjor 36 tilsette i arbeid.
Driftsresultatet for 2018 viste negative tal for første gong (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil). Nær 400.000 kroner i underskott, er likevel ikkje noko stor sak for stiftinga med dryge åtte millionar i eigenkapital.
Omsetnaden har auka i takt med elevtala. I fjor enda samla inntekter på drygt 23 millionar – ei auke på kring 50 prosent samanlikna med 2014.

Må vurdere å utvide

I årsberetninga for i fjor kjem det fram at styret satsar på å auke elevtalet i åra framover. Om dei lukkast må skulen vurdere nye utvidingar.
Rektor Knut Einar Tokheim seier at dei ikkje har behov for å bygge ut på kort sikt.
– Per i dag har vi dei areala vi treng ved at vi har flytta sløydsalen ut, seier han til NETT NO.
Skulen har i det siste jobba med å utbetre uteområdet, men har også plass til å bygge ut. Tokheim fortel at dei har plass til å utvide med til saman tre klasserom på eige grunn om behovet melder seg.

Starta som ungdomsskle

Rektor Tokheim fortel at skulen starta som ein rein ungdomsskule med i underkant av 40 elevar. Etterkvart starta dei opp med klassar på barnetrinnet og låg i fleire år på kring 100 elevar.
Dei siste åra har elevtalet skote fart og enda i fjor på 150 elevar.
Tokheim seier at auken i første rekkje kjem av større barnekull i desse årsklassene. Samstundes er det tydeleg at nokre vil sikre seg plass – og det er allereie kome inn søknadar fram til skuleåret 2026, ifølgje årsberetninga.

I tenkeboksen om realfag

Det er framleis til vurdering om skulen skal satse på ei retning innan realfag, ifølgje årsberetninga.
Framover skal skulen inn i ei satsing om skulemiljø i regi av Utdanningsdirektoratet. Skulen har også SFO-tilbod
Skulen har desidert flest elevar frå «heimkommunen» og hadde 102 elevar frå Herøy i fjor. 26 elevar kjem frå Ulstein, 13 frå Sande, 8 frå Hareid og éin elev kom frå Volda.
24 av dei tilsette er kvinner og 12 er menn. Styret i stiftinga er det til ein kvar tid sittande styret i Sunnmøre Indremisjon.

Publisert: 10.07.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37