Havyard-verftet i Leirvik har eit tøft byggjeprogram dei neste 16 månadene. 13 skip skal leverast, derav elleve ferjer til Fjord1, ein brønnbåt til Sølvtrans og ein pelagisk trålar til France Pélagique.
Alt tredje kvartal i år skal ei elferje til Ford1 vere klar frå verfet, deretter to nye ferjer i siste kvartal i år.
- Det er ingen grunn til bekymring. På det meste har vi vore oppe i sju fartøy på eitt år på verftet, og då var det snakk om svært ulike typer fartøy.
- Dette skal gå bra, seier Bakke.
Han seier at i tillegg til nybyggingskontraktene, tek verftet på seg større reparasjons- og ombyggingsoppdrag.
- Vi har kapasitet til å ta endå meir enn det vi dag har i boks, seier han.
- Nei, vi skal vere 180 fast tilsette, ikkje fleire, seier Bakke.
Antal fast tilsette er dermed redusert med 100 frå toppen.
- Vi var for mange, og måtte ta ned talet for å ha nok fleksibilitet.
- Vi har mange tilsette frå dette selskapet på plass i Leirvik. Blant anna tek dei seg av nesten alt elektroarbeid.
- I tillegg har vi hyrt inn leigefirma.
Samarbeidet held fram.
- Vi er godt fornøgde med arbeidet som vert gjort ved Cemre. For oss er det spesielt viktig at vi får levert skroga i tide.
Bakke seier at ein likevel følgjer godt med i den politiske utviklinga i Tyrkia.
- Vi likar ikkje alt som skjer i Tyrkia, men vi har ingen planar om å velje andre skrogleverandørar.
Ordreboka er på rundt 2,6 milliardar kroner.
Fjord1 har betalt 229,4 millionar kroner i forskot på ferjene som skal byggjast på Leirvik.
Alt tredje kvartal i år skal ei elferje til Ford1 vere klar frå verfet, deretter to nye ferjer i siste kvartal i år.
Kan ta endå meir
Endå ei ferje og den pelagiske trålaren skal leverast i første kvartal neste år, deretter skal brønnbåten leverast i andre kvartal, før ytterlegare sju ferjer skal overleverast på tampen av året.- Det er ingen grunn til bekymring. På det meste har vi vore oppe i sju fartøy på eitt år på verftet, og då var det snakk om svært ulike typer fartøy.
- Dette skal gå bra, seier Bakke.
Han seier at i tillegg til nybyggingskontraktene, tek verftet på seg større reparasjons- og ombyggingsoppdrag.
- Vi har kapasitet til å ta endå meir enn det vi dag har i boks, seier han.
Held fast på 180 tilsette
Men fleire fast tilsette vert det ikkje på verftet, sjølv om det er stor aktivitet.- Nei, vi skal vere 180 fast tilsette, ikkje fleire, seier Bakke.
Antal fast tilsette er dermed redusert med 100 frå toppen.
- Vi var for mange, og måtte ta ned talet for å ha nok fleksibilitet.
Polsk dotterselskap
Mykje av arbeidet vert i staden sett ut til det polske dotterselskapet Havyard Product & Services Sp.- Vi har mange tilsette frå dette selskapet på plass i Leirvik. Blant anna tek dei seg av nesten alt elektroarbeid.
- I tillegg har vi hyrt inn leigefirma.
Vil byggje i Tyrkia
Heilt sidan 2006 har Havyard fått bygt skroga ved Cemre-verftet i Tyrkia. Havyard har no tatt levering av Cemre-skrog nummer 46.Samarbeidet held fram.
- Vi er godt fornøgde med arbeidet som vert gjort ved Cemre. For oss er det spesielt viktig at vi får levert skroga i tide.
Bakke seier at ein likevel følgjer godt med i den politiske utviklinga i Tyrkia.
- Vi likar ikkje alt som skjer i Tyrkia, men vi har ingen planar om å velje andre skrogleverandørar.
Stor ordrebok
Skipsbyggingsdivisjonen til Havyard Group hadde i første halvår i år inntekter på 574,6 millionar kroner og eit resultat før skatt på minus 7,2 millionar.Ordreboka er på rundt 2,6 milliardar kroner.
Fjord1 har betalt 229,4 millionar kroner i forskot på ferjene som skal byggjast på Leirvik.
Vi skal vere 180 fast tilsette, ikkje fleire
Publisert: 29.08.2018 09:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25