Kjøp straum med miljøgaranti frå Tussa. I over 70 år har Tussa produsert fornybar energi frå eigne kraftverk, og det skal vi halde fram med. Miljøgarantien 100 % fornybar energi har eksistert i mange år – no kan vi garantere at straumen vi leverer til kunden blir dekt opp av 100 % vasskraft produsert av Tussa.
Både privat- og bedriftskundar kan kjøpe vasskraftgaranti som eit tillegg til straumavtalen sin. Kjøp av slike sertifikat vil gi sterke signal til kraftprodusentane om kva energiformer som er ønskja for framtida.
Tussa produserer om lag 700 GWh vasskraft i året frå 22 kraftverk spreidd over heile søre Sunnmøre. Vasskraft er ein av dei mest miljøvennlege formene for energiproduksjon, og vert gjort heilt utan utslepp av drivhusgassen CO2, og utan radioaktivt avfall.
Miljøgarantien kan du bruke i marknadsføringa av bedrifta di
Bedrifter som vel å kjøpe 100 % vasskraft får utferda eit sertifikat, med garanti for at straumen dei kjøper er produsert i Tussa sine eigne vasskraftverk. Garantien vert stadfesta av ein revisor hos Ecohz ASA.
- Dei siste åra har kundane våre fått eit stadig meir bevisst standpunkt når det gjeld miljø. Tilbakemeldingane frå store, lokale kundar, med marknad både nasjonalt og internasjonalt, er at det er eit konkurransefortrinn å kunne vise fram miljørekneskapen sin.
Med 100 % VASSKRAFT hausta frå dei mektige Sunnmørsalpane, kan vi i lag med deg, setje eit tydeleg miljøstempel som gagnar naturen og miljøet.

Tussa er eit marknadsleiande konsern med over 200 tilsette. Vi leverer eit breitt spekter av tenester og rådgjeving innan kraft, elektriske installasjonar, fiberkommunikasjon og profesjonelle it-tenester frå eit topp moderne datasenter. Vi held til på Sunnmøre, og med nærleik til dei fantastiske Sunnmørsalpane har vi kraft til å skape miljøvennlege og framtidsretta løysingar til både privat og bedrift. Små og store.
Sentralbord: 70 04 62 00
www.tussa.no