Stadig fleire IT-tenester vert tilgjengelege frå ulike «skyer». Det er enkelt å ta i bruk for bedriftene. Kanskje for enkelt? Ved å ta i bruk tenester som ligg på utsida av dei lokale IT-systema, kan du fort miste kontrollen. Har du ein skystrategi, eller?
Dei fleste bedrifter har allereie ei meining om skybaserte IT-tenester i bedrifta. For nokre er det ein «Cloud first» strategi. Det betyr i all enkelheit at ein ønskjer å sjekke ut kva tenestene som er tilgjengelege hjå ein skyleverandør før ein installerer tenesta lokalt. Andre vil i utgangspunktet ha tenestene lokalt, og ta i bruk skytenester der det kan gi ein gevinst.
Sals- og produktsjef Norodd Dyrhovden og salsjef partnersal Jan-Olav Dagfinrud i Tussa IKT.
Vi i Tussa IKT jobbar for at alle skal få «sky-effekten», og at det skal vere enkelt, fleksibelt og trygt for kundane våre. Kombinasjonen av raske fiberlinjer, eigen skyplattform i lokale datasenter og eksterne offentlege skytenester gjer at bedriftene får tilgang til det beste som er på marknaden i dag. På kontoret skal det vere effektive og stabile støttetenester som kontinuerleg vert oppgradert til siste versjonar etter kunde sitt eige ønskje. Informasjon vert ikkje lagra lokalt, men sikra i trygge datasenter. Brukarane får same tilgang til verktøy og informasjon frå mobile kontor som på jobben, dersom bedrifta godkjenner det.
Senoirkonsulent Ari Mikal Flote koplar opp ny kunde i Tussa sitt datasenter.
I Tussa datasenter lagar vi bedrifta si «private sky». Dette er eit heilt eiga sone som er dedikert til den enkelte bedrift. Dette er bedrifta sitt «eige datarom» for eigne applikasjonar, men basert på Tussa sin skyplattform. Fleksibelt, effektivt og trygt!
I tett samarbeid med blant anna Microsoft hentar vi inn applikasjonstenestene frå offentlege delte skytenester, og leverer dei ut saman med dei andre tenestene. Dette gir full fleksibilitet til å ta inn nye tenester, flytte ut tenester eller flytte tenester mellom tilbydarar etter kvart som det vert tilgjengeleg.
Men det viktigaste av alt! Du får eit kontaktpunkt for alle tenestene, ei pålogging, og eit lokalt supportsenter som forstår deg!
Enklare blir det ikkje.

Tussa er eit marknadsleiande konsern med over 200 tilsette. Vi leverer eit breitt spekter av tenester og rådgjeving innan kraft, elektriske installasjonar, fiberkommunikasjon og profesjonelle it-tenester frå eit topp moderne datasenter. Vi held til på Sunnmøre, og med nærleik til dei fantastiske Sunnmørsalpane har vi kraft til å skape miljøvennlege og framtidsretta løysingar til både privat og bedrift. Små og store.
Sentralbord: 70 04 62 00
www.tussa.no