Var for beskjeden
PASSERER 100: Utviklinga har gått så fort at Magnar Romestrand i Sunnmøre Caravan lurer på om det kan fortsette, men budsjetterer med ein auke i i salet til over 100 millionar kroner. 
Nytt

Var for beskjeden

Magnar Romestrand var ikkje optimistisk nok då han spådde utfallet av 2016.

09.02.2017
Caravaforhandlaren på Sjøholt håpa på å ha seld bubilar og campingvogner for 80 millionar kroner i løpet av 2016 då NETT NO snakka med han i august i fjor. Fasiten blei over 84 millionar kroner, og i år budsjetterer han med over 100 millionar kroner.
Sjølv om han sjølv tenkjer ein del på effekten av oljeprisfallet er det ikkje eit tema hos kundane, i følge Romestrand.
I 2015 sysselsette Sunnmøre Caravan 3,5 årsverk. Ved årskiftet hadde det auka til ni personar, medrekna fem på verkstaden. I løpet av vinteren er to nye på plass i avdelinga i Stryn, som opna i oktober i fjor.

Usikker

Firmaet starta i 2015 og frå 2015 til 2016 vart driftsinntektene nesten dobla. Det har gått så fantastisk fort at Romestrand er blitt usikker på om det vil vare, sjølv om han seier signala frå produsentane går på at marknaden skal halde seg bra i alle fall dei neste tre-fire åra.
Campingturisme er på opptur i reiselivsbransjen, og det gir Magnar Romestrand og konkurrentane hans ekstra drahjelp.

Snøball-effekt

Romestrand meiner bransjen no opplever ein snøball-effekt, der det at stadig fleire skaffar seg bubil eller campingvogn lokkar enda fleire til å kjøpe.
Salet hos Sunnmøre Caravan fordeler seg omlag 55/45 på bubil og campingvogn. I campingvognmarknaden er det nesten ikkje brukhandel, medan Romestrand anslår at han sel litt fleire brukte bubilar enn nye.

Publisert: 09.02.2017 06:00

Sist oppdatert: 18.05.2021 12:24