Skriv ned Vard aksjar og stadfestar nybygg
NYBYGG: Vard stadfesta onsdag kveld kontrakten med færøyske Framherji på ein ny trålar med Vard sitt eige design. 
Nytt

Skriv ned Vard-aksjar og stadfestar nybygg

Vard-eigar Fincantieri gjekk med underskot i fjor. 

02.04.2020
Underskotet for Fincantieri-konsernet i fjor (sjå tabell), skuldast mellom anna nedskriving av verdien på aksjane i Vard. Nedskrivinga er på 50 millionar euro, cirka 570 millionar kroner og skuldast framleis svake resultat i Vard.

Forretningsområdet offshore og spesialskip, som berre omfattar Vard-selskap, hadde eit driftsunderskot før av- og nedskrivingar på 107 millionar euro, cirka 1,2 milliardar kroner i 2019.

1,7 milliardar

Storaksjonæren Fincantieri varsla allereie i november 2016 at selskapet ville by på alle aksjane i Vard, ta selskapet av børs og gjere det til eit heileigd datterselskap i Fincantieri-konsernet. Då bodet kom eigde Fincantieri 55,63 prosent av aksjane.
Bodet verdsette heile Vard til 1,7 milliardar kroner og hausten 2018 nådde Fincantieri målet.
No skriv Fincantieri altså verdien av Vard-aksjane ned med 570 millionar kroner.

La ned to verft

I løpet av 2019 avvikla Fincantieri drifta av to Vard-verft, Vard Brevik og Vard Aukra, og droppa og vidare satsing på små fiskebåtar og arbeidsbåtar til oppdrettsnæringa.
Ein gjennomgang av alle prosjekt Vard hadde i arbeid i fjor gjorde at kostnadsanslaga vart oppjustert, som medverka til eit svak Vard-resultat.
I løpet av 2019 blei store deler av Vard-leiinga skifta ut og er no Fincantieri-folk. Vard er fullt integrert i Fincantieri-konsernet, ifølgje den førebelse årsrappporten til Fincantieri.

Stadfesta kontrakt

Fincantieri stadfesta onsdag også at Vard Brattvåg skal bygge ein trålar for det færøyiske selskapet Framherji, slik NETT NO skreiv tidlegare denne veka.

Kontrakten på hekktrålaren er inngått med dotterselskapet P/F Akraberg.
Prisen er på knappe 550 millionar kroner og trålaren skal leverast i første kvartal 2020.

Publisert: 02.04.2020 10:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55