Her vil dei halde arbeidet i gang i paaska
LARSNES: Verftsdirektør Jarle Gunnarstein (innfelt) planlegg å halde verftet oppe i påska, for å unngå at utanlandske tilsette kan hamne i 28 dagar karantene.
Nytt

Her vil dei halde arbeidet i gang i påska

- Mange vil arbeide i staden for å hamne 28 dagar i karantene.

18.03.2020
Medan andre verksemder stenger ned eller reduserer aktiviteten, vurderer Larsnes Mek. Verksted i Sande å halde verftet i gang også i påska.
- Ja, dette er noko vi ser på no, seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein.
Han seier at ei årsak er at verftet har godt med arbeid.
- I dagens situasjon er det viktig å halde i gang så mange bedrifter som muleg.

Utanlandske tilsette vil ikkje heim

Minst like viktig er at verftet har mange tilsette frå Polen, Lithauen og Romania, som har hamna i ein låst situasjon.
- Om nokre av desse reiser heim i påska, vil dei fort hamne i 14 dagar karantene i heimlandet.
- Når dei så kjem tilbake til Norge, vil dei få nye 14 dagar karantene.
- Dette vert fort ein månad utan løn.

40 i karantene

Gunnarstein seier at enkelte ønsker å arbeide i påska, og heller ta ferie når situasjonen normaliserer seg.
- Difor ser vi no på denne mulegheita.
Han opplyser at verftet har eit førtitals tilsette frå ulike firma som har vore i karantene.
- Dette er folk som har vore på reise til utlandet.

Koronautfordringar

Frå neste veke av vil dei fleste vere tilbake i arbeid.
- Då vil vi vere rundt 120 innom portane her. Det er over 90 prosent av full produksjon.
Verftet er i ferd med å overlevere brønnbåten Ro Vision, men Gunnarstein seier at koronaviruset har ført til utfordringar.
Dette dreier seg om ein tilsett i eit anna firma som bur på Nordfjordeid og som skal gjere noko arbeid på båten.
Gunnarstein seier at ein har vurdert å ta båten til Åheim i Vanylven.
- Vanylven har ikkje stengt for innreise frå tidlegare Sogn og Fjordane, medan Sande har stengt for heile nye Vestland fylke.
- Men vi skal uansett finne ei løysing. Det er vi kjende for. Kanskje kan det løysast gjennom ein dispensasjon, seier Gunnarstein.

- Vi kan ikkje stoppe opp

Ved verftet skal ein no i gang på utrustninga av den hybride brønnbåten Ro Venture til Rostein.
- Vi held hjula i gang så lenge vi får lov til det av styresmaktene.
- Vi kan ikkje la heile Norge stoppe opp, seier Gunnarstein.
Vi kan ikkje la heile Norge stoppe opp

Publisert: 18.03.2020 12:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54