Her gaar det betre enn dei har frykta
HELDIGE: Jan Endre Vartdal (t.v.) hos Vartdal Plast i Ørsta og Karsten Sævik hos Hareid Group kan måndag konstatere at dei så langt ikkje er hardt råka av koronakrisa. 
Nytt

Her går det betre enn dei har frykta

«Vi køyrer på» og «overraskande bra», er meldingane frå Vartdal Plast og Hareid Group. Dei peiker på fiskeeksport, byggebransjen og verfta som viktige for å halde hjula i gang.

Marius Rosbach
23.03.2020
God aktivitet i fiskeeksporten, byggebransjen og verftsindustrien sikrar at fleire bedrifter framleis har mykje å gjere under koronakrisa.
Vartdal Plast har sendt ut varsel om permittering, men Jan Endre Vartdal at det per i dag ikkje er noko som tilseier at Ørsta-bedrifta blir nøydd til å sette dei i verk.
– Vi valte å gå ut med varsel basert på den usikkerheita som har vore, men i dag meldte alle avdelingar inn at folk er friske og raske, så vi køyrer på, fortel han til NETT NO.

Framleis fart i fiskeeksport og byggebransjen

Vartdal-direktøren fortel at det er god aktivitet i fiskeeksporten og at slakteria langs kysten går som normalt. Også innafor bygg og anlegg der dei leverer isolasjonselement, er det mykje å gjere.
Han påpeiker at det er viktig å sikre stabil tilgang på arbeidskraft til byggebransjen, og at restriksjonar ikkje stikk unødvendige kjeppar i hjula for transporten. Det gjeld både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
– Ut frå det vi ser no, så verkar arbeidsflyt og vareflyt å vere høgt prioritert. Vi vel å ha tru at vi skal kome oss gjennom dette, seier han.

– Heldige så langt

Vartdal seier samtidig at ting endrar seg raskt: – Vi er i ei vanskeleg tid, men vi må seie oss heldige for eigen del så langt, legg han til.
Bedrifta var tidleg ute med å innføre smitteverntiltak. Direktøren påpeiker at det er viktig at bedriftene tek den jobben på alvor – men det er overkomeleg.
– Vi jobbar litt meir tungvint, men vi vil vere 100 prosent sikre på at vi ikkje får smitte inn på bedrifta. Andre sjåførar som køyrar kjem inn på anlegget, går til dømes ikkje utfor døra, fortel Jan Endre Vartdal.

Færre vil ha elektrikar – verfta viktige

Hareid Group merkar også koronakrisa, og har permittert nokre tilsette medan andre er i omsorgspermisjon.
– Likevel ser det ikkje ille ut. Eg trudde nok det skulle sjå verre ut. Det er faktisk overraskande bra, seier konsernsjef Karsten Sævik til NETT NO måndag.
Hareid Group består av ei rekke ulike selskap med nær 700 tilsette. I Hareid Elektriske merkar dei at færre privatkundar bestiller elektrikar, men spesielt verfta er viktige for å halde aktiviteten oppe.
– Vi er prisgitt det som skjer på verfta. Dei har den haldninga at dei skal klare å halde det gåande, og det er kjempegreier. Det gjer at vi også må gjere det same, fortel Sævik.
Dei har hatt folk i arbeid ved verfta både på Myklebust, Larsnes, Aas, Ulstein og Kleven den siste tida.
– Det er bra aktivitet og fleire held på med ferdigstilling av fartøy, fortel han.

Lite råka av reiserestriksjonar

Sjølv om Hareid Group jobbar over store delar av Nordvestlandet, er dei lite råka av restriksjonar for dei tilsette i arbeidskvardagen.
– Våre tilsette er ganske knytt til eit avgrensa geografisk område, og lite går på tvers av fylkesgrensene, fortel Sævik.
Både Vartdal Plast-sjefen og Sævik håpar at dei strengaste koronatiltaka kan lempast på over påske.
– Om vi kjem over påskeferie og ser at denne dugnaden har hjelpt på - og helsevesenet taklar situasjonen, og vi ser ei lemping på dei strengaste tiltaka - skal vi handtere dette på eigen kjøl, seier Jan Endre Vartdal.
Om vi kjem over påskeferie og ser at denne dugnaden har hjelpt på - og helsevesenet taklar situasjonen, og vi ser ei lemping på dei strengaste tiltaka - skal vi handtere dette på eigen kjøl

Publisert: 23.03.2020 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54