Ekstrarekning paa ein milliard
SENDER UT: Den nye kraftlina Ørskog-Fardal skal i stor grad nyttast til å sende enda meir energi ut frå Sogn og Fjordane, i første omgang frå småkraftverk. Austlandet skal ha straumen, men fjordingane må betale for ein stor del av frakta. 
Nytt

Ekstrarekning på ein milliard

Nettkundane i Sogn og Fjordane får snart ei ekstrarekning på nesten ein milliard kroner som følgje av utbygging av ny energi. Austlendingane får straumen, men fjordingane må betale for frakta.

Ivar Myklebust Longvastøl
03.01.2014
For ein vanleg husstand kjem auken på 2000 kroner i året, minst.
- Dette er ille og sterkt urettvist og må endrast, seier Asgeir Aase, direktør for SFE Nett.
Også sunnmøringar får svi, men ikkje så kraftig.

Må betale lokalt

Grunnen er utbygging av regionalnettet, som er nødvendig for å knyte til produsentar av småkraftverk og andre former for ny, fornybar energi.
Dagens hovudnett på 132 kV mellom Ørskog og Fardal vert omdefinert til regionalnett og må rustast opp. I tillegg må nettselskapa i nordvest forsterke og byggje nye regionalnett opp mot nye Ørskog-Fardal som står ferdig i 2016-17, og storparten av denne rekninga går inn i nettariffen til kundane lokalt. Samla prislapp er på kring ein milliard.
Problemet er ikkje knytt direkte til den nye hovudlina som er nasjonal og der kostnadene vert fordelte på nettkundane i heile landet (sjå faktaboks).

Austlandet slepp unna

Nordfjordingar, sunnfjordingar og sogningar må ta storparten av rekninga, medan austlendingar og sørlendingar som får storparten av energien frå Vestlandet, slepp unna med mykje lågare nettleige.
- Utan å ta for sterkt i, kan ein leggje på 10 øre ekstra per kilowattime. For ein vanleg husstand i Sogn og Fjordane utgjer det 2000 kroner i året, og for bedrifter som brukar mykje energi er det snakk om store summar, seier Aase.
SFE Nett har lenge jobba opp mot Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet for å få ei endring, førebels utan å nå fram.

Krav frå EU

- Den nye kraftlina Ørskog-Fardal er etterlengta og vert bygd for å styrke straumforsyninga generelt, men først og fremst for å transportere ut ny, fornybar energi frå produsentar i området, som småkraftverk og vindkraftverk. Dette er nasjonal politikk og då er det feil at nettkundane lokalt må betale storparten av rekninga, seier Aase.
- I dag betaler produsentane 0,8 øre per kilowattime for å få energien ut på nettet. EU har eit regelverk med ei øvre grense på 1,2 øre for å sikre like vilkår. Når kostnadene i regionalnettet i Sogn og Fjordane vil komme på kring 15-20 øre, og der nettkundane lokalt må ta storparten av kostnaden, så er ikkje det rett, seier Aase.
- Dette er uhyggeleg mykje høgare – på grunn av bygging for ny produksjon som kjem andre landsdelar til gode – og som er politisk ønska og etterpurt, understrekar direktøren i SFE Nett.

Dårleg kommunisert

- I striden rundt 420 kV-lina var ikkje denne ekstrarekninga noko stort tema. Burde ikkje energiselskapa ha kommunisert dette til nettkundane sine før, både privat og i næringslivet?
- Vi kunne ikkje la vere å byggje ei ny line, men må jobbe langs to aksar. Både for å realisere Ørskog-Fardal som allereie er mange år forseinka, og for å få ei rettferdig ordning, seier Aase.
Eit forhold som kompliserer bildet, er at det kan vere vanskeleg å seie nøyaktig kven som får nytte av forbetringane på regionalnettet, altså kva som er ei utbetring som kjem nettkundane lokalt til gode, og kva som er nødvendig for ny produksjon.

Trekte forslag

Asgeir Aase seier at NVE og Statnett presenterte eit forslag om ein felles tariff i regionalnettet for heile Norge, men denne vart trekt tilbake i februar i fjor. No ventar bransjen på ein rapport frå Reiten-utvalet, som skal komme i april.
Han seier at det er fleire modellar og måtar å gjere dette, som ein felles nettariff i regionalnettet over heile landet, eller til dømes ei fondsordning som vert brukt til fordeling av kostnadene.
Fjordingar og sogningar må ta storparten av rekninga, medan austlendingar og sørlendingar som får storparten av energien frå Vestlandet, slepp unna med mykje lågare nettleige

Publisert: 03.01.2014 07:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30