175 millionar fraa fylkeskommunen
KRISEPAKKE: Tysdag i påskeveka skal fylkesutvalet behandle krisepakkeframlegget frå fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.
Nytt

175 millionar frå fylkeskommunen

Skal hjelpe næringslivet under koronakrisa.

03.04.2020
Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik i Møre og Romsdal foreslår at det blir løyvd 175 millionar i ekstraordinære midlar til ei tiltakspakke.
Her er tiltaka:
69 millionar ekstra til samferdselsområdet
50 millionar ekstra til vedlikehald av skolebygg
34 millionar ekstra til næringsutvikling
22 millionar ekstra på kulturfeltet
I tillegg til dei ekstra midlane på 175 millionar som er foreslått, er det iverksett ei rekkje tiltak på innan kultur, reiseliv, landbruk, breibandutbygging, marin næringsutvikling, og entreprenørskap. Dette kjem i tillegg til dei ekstraordinære midlane, og vil bli finansiert av statlege og fylkeskommunale midlar. Eit viktig arbeid for å sikre at læringar frå fullført læretida og gjennomført fagprøve er og prioritert. Fylkeskommunedirektøren legg no tiltakspakken fram til politisk behandling i eit ekstraordinært møte i fylkesutvalet komande tysdag, heiter det i ei pressemelding.

Publisert: 03.04.2020 15:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55